Ei bok er ei samling ark som vi kan bla i. Alt det andre er tillegg som vi kan fjerne eller forandre, utan at det går ut over det som er spesielt for mediet. Heller ikkje tekst eller illustrasjonar er kjenneteikn for mediet, det er tillegg.
Men boka har vore eit funksjonelt medium for lagring og formidling av litteratur og kunnskap i snart to tusen år, i dei siste fem hundre har papir vore eit så vanleg materiale at ordet bok er blitt synonymt med papirbok, og illustrert tekst har alltid vore høgt skatta. I løpet av dei siste to-tre tiåra har dette forandra seg mykje. Videospel, internett og digitale plattformer, tv, radio og film, fyller mange av dei funksjonane der papirboka inntil nyleg var best, og e-boka og lydboka er blitt sterke konkurrentar. Kva kan historia om den illustrerte boka fortelje om det potensialet papirboka har til å overleve?
Med vekt på mediet bok og materialet papir, og eksempel frå samtidslitteraturen, undersøker Hovet korleis ord og bilde går saman om å skape meining. Tradisjonen frå livre d’artiste i Frankrike og The Book Beautiful i England fortset, mens kunstnarbøker – artists’ books – representerer noko heilt nytt, og er den visuelle kunstens bidrag til bokkulturen. Det unglitterære tidsskriftet luj-har eit eige kapittel og sjangeren teikneserie blir grundig gjennomgått.
Vidarforlaget
Meldingar:
Kåre Bulie: «Andre bilder». D2 04.05.2018
Anne Schäffer: «Bok om bøker». Vårt Land 09.04.2018
Fredrik Wandrup: «Boka lar seg ikke knekke», Dagbladet 31.03.2018
Olaf Haagensen: «Nytt liv i gamle ark», Morgenbladet 08.03.2018