Den illustrerte boka


Den illustrerte boka er historia om norsk, kunstnarillustrert skjønnlitteratur frå ca 1200 til år 2000. Det er ei forteljing som spenner over 800 år, og som går frå då boka og skriftspråket kom til landet, til papirboka ved siste årtusenskifte hadde fått konkurranse av dei digitale.

Dei eldste, bevarte bøkene som vi veit sikkert at er laga i Noreg, er dekorerte skinnbøker. Trykkekunsten kom seint til Noreg, og dei første prenta bøkene var enkle. Men illustrerte bøker har alltid vore ettertrakta, og produksjonen utvikla seg i tråd med teknisk, politisk og økonomisk framgang. Ikkje så mange veit, men den Den illustrerte boka spela ein viktig rolle i nasjonsbygginga på 1800-talet og under den tyske okkupasjonen.

I 1965 fekk vi Norsk kulturråd og statleg støtte til ny, norsk litteratur. Men kunstnarillustrerte bøker var sjeldan nye, og fall derfor utanfor desse ordningane. Sjangeren overlevde likevel, og 1990-åra var ei blømingstid. Det var Den norske Bokklubben som sytte for det.

Kan kjøpast i bokhandelen.

Vidarforlaget


Meldingar

Merete Røsvik Granlund: «Bildeskjønn«. Fabelaktig formidling 2014 

Tore Rem: «Den illustrerte boka». Aftenposten 18.03.2012

Tone Birkeland: «Norsk bokillustrasjons historie?». Nordic Journal of Childlit Aesthetics 2/2011. 

Arvid Bryne: «Norske bøker i 800 år». Dag og Tid 13/2011

Cora Skylstad: «Den illustrerte bokas historie». Bok & samfunn 7/2011

Anne Kristin Lande: «Ambisiøst verk; inkonsekvent og preget av tilfeldigheter» Numer 2/2011

Einar Økland: «Sjå teksten – sjå boka». Syn og Segn 2/2011

Morten Haugen: «Bokillustrasjonenes historie». Bibliotekaren 8/2011

Øystein Sjåstad: «Viktig og vakkert». Billedkunst 5/2011

Hilde Marstrander: «En sterk halv historie». Prosa 3/2011

Kari Fauskanger: «Bergen var først ute med illustrerte bøker». Bergens Tidende 27.04.2011

Bilde

Illustrasjoner i norsk skjønnlitteratur. Utstilling i Nasjonalbiblioteket, 2. etasje 25. mars – 16. april 2011