Når ord blir bilete og bilete tekst. Ei undersøkjing av korleis meining blir skapt i Frøydis Haavardsholms illustrasjonskunst med særleg vekt på Hans-Henrik Holm: Jonsok-natt.
Dette er den første norske doktorgraden om biletbøker og illustrerte bøker.
Avhandlinga fokuserer på bokkunstnaren Frøydis Haavardsholm. I tillegg til Jonsok-natt av Hans-Henrik Holm blir alle dei liturgiske bøkene for Den norske kyrkja (1918–1926) gjennomgått, dessutan fleire illustrasjonar i Julehelg, juleheftet til Den norske forfatterforening. Materialet blir sett inn i ein europeisk og ein norsk boktradisjon. Konklusjonen er at bokkunstnaren Frøydis Haavardsholm har ei utforskande og nyskapande holdning til emnet, og at ho utviklar eit visuelt språk som har fleire trekk felles med verbalspråket enn det vi vanlegvis ventar å finne i bilete.